Karl Yngve
Helene
Helene er ei søt jente som er født og oppvokst i Trondheim. Ho er ei veldig fargerik og kreativ jente som liker å arbeide med hendene sine. Til dagleg arbeider ho i fysioterapi-turnus, og i august vil ho vere ferdig kvalifisert fysioterapaut.
Helene er ei jente som er flink til veldig mange ting. Om eg skulle trekke fram ein ting der ho utmerker seg, så trur eg det er at ho er veldig musikalsk. Ho er veldig flink til å synge og har ei vakker stemme, og ho har også lært seg sjølv å spele både piano og gitar. Dei siste åra har ho vore med i Kammerkoret Aurum, og før det var ho med i damekoret Embla. I tillegg til musikk er ho også flink til å danse. Ho elsker å danse og er difor litt sur på Karl Yngve, ettersom han viste seg å ikkje vere så veldig interessert i dansing (noko som braut med førsteinntrykket ho hadde). Som eit morosamt døme var Helene forresten ferdig utlærd ballerina når ho var 7 år gamal...
Helene er også veldig glad i handarbeid og sying, og det er ikkje sjeldan at ho sitter heime med symaskina eller liknande. Ho er faktisk med i to syforeiningar (eg trur ikkje eg kjenner til nokon andre som er det).
For å avslutte må det seiast at Helene, tross eit ganske stort temperament, er ei utruleg bra jente som det er lett å vere glad i. Ho er sprudlande og morosam, og ikkje minst vakker!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar