fredag 28. oktober 2011

Ein enkel statusrapport frå unge herr Karl

Som dei fleste har fått med seg er det altså Helene som står for det meste av skrivinga på bloggen. Det handlar mykje om at det er ho som har mest tid å slå ihjel, men kanskje også litt om at eg ikkje er like flink til å hugse på at vi har ein blogg. Uansett, eg tenkte det var på tide med eit enkelt innlegg om ting eg tykkjer er interessant også. Det vert (diverre?) utan bileter.

Først må eg få nemne arbeidsplassen. Eg koser meg igrunn ganske godt på kontoret eg har fått på universitetet her. Det er ein delt plass på ein datalab, der det sitter kanskje rundt 10 stk til dagleg. Alle er anten PhD-studentar eller post doc'ar. Miljøet er godt, men litt asosialt (noko eg ikkje er flink til å gjere noko med sjølv om eg skal vere heilt ærleg). Eg har kome igong med arbeidet mitt her nede, og dei som er interessert kan jo lese litt om det ved å besøke sida mi på folk.ntnu.no/lervag. Den vert ikkje oppdatert ofte, men det er litt info der om kva eg arbeider med. Eg vil at tru dei fleste ikkje vil finne det særs interessant.

Ein heilt anna ting er at vi er igong med å kjøpe oss bil. Vi har tilgong til bil via vanleg leiebil og via zipcar. Men dette er for dyrt i lengda, så vi leiter etter ein billig bil. Det er ikkje veldig lett å finne noko som både er billig og ser trygt ut, men det burde gå greit. Det er tross alt 10-20 millionar mennesker i relativt nær avstand frå oss. Det virker som om bilane her er billige viss dei er nye, men litt dyre viss dei er gamle. No skal det seiast at eg ikkje har brukt mykje tid på å sjå på bilar, så det kan godt vere at det berre er eg som er lat og ikkje har funne dei gode kjøpa enno.

Og aprikos bil: I dag var eg og Helene på eit kontor for "Department of Motor Vehicles" og tok teoriprøva for å få sertifikat her nede. Begge stod, eg med 6 feil og Helene med 4. Hadde eg hatt ein feil til, så hadde eg ikkje stått. Perfekt, altså - det tyder at Helene brukte litt for mykje tid på å studere, medan eg brukte akkurat nok tid. Innan desember må vi også igjennom ein køyretest, noko eg også trur vi skal få til ganske greit. Det er faktisk veldig lett å køyre her, sjølv om det er mange fleire bilar på vegane. Vegane går jo stort sett berre rett fram, og om du veit kvar du skal ta av (les: har GPS) er det som å køyre på ein planke.

På onsdag som var var vi på Disneyland. Det var gøy. Helene har teke bilete og kjem til å skrive meir om det. Eg gleder meg forresten til å besøke Six Flags, som skal ha ende fleire og større berg-og-dal-baner.

No er eg litt usikker på kva meir eg skal skrive om. Kanskje litt enkel stikkordsbasert ordgymnastikk er ein ok ting å avslutte med? Kanksje ikkje. Uansett. Det er ein grunn til at Helene er den som skriver mest. Kanskje eg skal gjere som ho plar, og spørje om det er noko folk har lyst til at eg skal skrive om? Viss det kjem forslag som eg tykkjer er gode så skal eg kanskje høyre på dei også.

5 kommentarer:

  1. Å kjøre på en planke er vel ikke spesielt lett?

    SvarSlett
  2. Jeg liker innlegget ditt, Karl Yngve! Godt å høre at du trives på jobb.

    Etter å ha lest på NTNU-sida di, sier Eivind at FMC Multi Phase Meters her på Kongsberg kan være aktuelt arbeidssted for deg. Jeg sier "Tommel opp" ;)

    Lykke til med bilkjøp!

    SvarSlett
  3. Linda: Plankekøyring er vel eit uttrykk for at noko er lett? :)

    Line: Takk for det. Vi må vel kome på besøk slik at vi kan finne ut om vi liker Kongsberg, då?

    SvarSlett
  4. Heisann!
    Ej sei bere en ting, det e godt at oss he forskjellige interesse her i verden :) Ooooog, matematikk og tall e ikkje mitt felt :)

    Men ej savna dåkke meget masse, og gleda mej masse til jul :)

    Line :)

    SvarSlett
  5. Ja, velkommen skal dere være! :)

    SvarSlett